BIOGRAFI

HALLSTEIN OG DORIS  STEINSUND

VINNAR AV SOLUNDPRISEN 2014


Vinnarane får prisen for sitt lange engasjement og virke i Solund, og for å vere ei føregangsbedrift i sin bransje i Solund kommune.  (Grunngjeving Solundprisen 2014)


Etableringa av Steinsund Marine i 1986 var, som så mange ting i livet litt av ei tilfeldigheit.

Hallstein Steinsund var utdanna maskinist i handelsflåten og arbeidde i turnus med 6 veker om bord og 6 veker fri. Men etter å ha reist i 10 år, var han smått teken til å bli lei av sjølivet. Han hadde alltid hatt interesse for å byrje med noko for seg sjølv heime i Solund. Det som var svært interessant i denne tida, var fiskeoppdrett. Men  for å få konsesjon her, må ein ta vidareutdanning. Det var han ikkje innstilt på då.

Men så, då han var heime på ein friperiode, fekk han spørsmål om å byggje ei ny kai på Gåsvær, og det vart byrjinga  på bedrifta og Hallstein sitt nye liv. Etter prosjektet på Gåsvær blei han etterspurt av fleire og fleire, og då slutta han som sjømann. Det var likevel ikkje enkelt i byrjinga.

«Nei , det var tøft å starta eiga bedrift; eg hadde nettopp bygd nytt hus. Ein del investeringar måtte gjerast i forbindelse med drifta og renta låg på nesten 20 %. Eg tilsette 2 personar som aldri måtte venta på lønninga si , men det var ikkje alltid så mykje til overs for meg. Når eg tenkjer på det i dag, var det utruleg godt gjort å halde hovudet over vatn. Me var stadig på jobb, arbeidde lange dagar og reiste heim torsdag kveld. Då hadde me ei langhelg og ta oss inn att på»,  fortel Hallstein.


Totalt har Hallstein bygd  rundt 200 kaier i desse åra. Mange av dei er bygde i Solund, men han har også bygd i ein stor del av Sogn og Fjordane og sørover i Hordaland.

I dag  er vel dette å sjå på som ein nisje i ein marknad der det er få aktørar att. Kaiene har hatt ikkje så liten samfunnsnyttig verdi ettersom det blei lettare for  t. d. ambulansebåt og skyssbåtar å betene veglause stader. Sameleis lettar det kvardagen for folk flest som bur ved sjøen. Eg har mange gonger fått høyre ’Dersom du ikkje hadde gjort dette, hadde det aldri blitt gjort.’

Når eg er ferdig med jobben, kunden er fornøgd og eg set deg i styrestolen på veg heim til ein velfortent pause, får eg ein god følelse som eg nok ville har hatt vanskar med å oppleve i ein annan jobb. Det å vere sin eigen herre, leggje planane, ta forholdsreglane, det har alltid passa for meg,” seier Hallstein.


Doris kom og blei

I 1995 bygde dei feriehyttene i Steinsund. Første sesong var våren 1996, og Doris var ein av dei tidlegaste turistar som kom,  saman med sine 2 barn. Ho likte seg god her, og noko måtte ho like med Hallstein. Og kanskje såg ho at han trong hjelp med drifta. 2 år etter første besøket flyttar dei til Steinsund. I dag har dei ei dotter på 15 år saman – Sofie, i tillegg til barn frå tidlegare forhold. Doris er medansvarleg for drifta av Steinsund Marinesenter A/S samtidig som ho arbeider på Solundheimen. Ho har gjort ein formidabel innsats desse åra , fortel Hallstein

Ho er sjølvstendig og løysningsorientert, så det er ikkje noko problem for Hallstein og reise bort for ei vekes tid. Dessutan har me flotte naboar dersom det skulle vere noko som krev kompetanse utanom Doris sitt felt. Hun påpeikar at dei har gode samarbeidspartar i lokalsamfunnet.

Å drive med hytteutleige er likevel  ikkje så enkelt som ein kanskje skulle tru. Særleg dei åra dei fekk kundar frå reiseselskap frå Tyskland, fekk dei erfare kor ulike folk er, kor egoistisk folk kan vere og kor flotte folk kan vere.

Nå er hyttene i mange år drivne utan tyske destinasjonar, dette går fordi folk kjem att  etter dei har vore her og kjem tilbake med nye gjester. Men det er mykje arbeid: vasking og oppfølging  etc. Dei fleste tenkjer nok me er ferdig med gjestane når dei set seg i bilen og reiser mot ferja. Så kjem dei til Bergen og oppdagar at båten er innstilt, eller berre går frå Stavanger. Kven ringjer dei då? Jau, sjølvsagt Doris.  Så er det for ho å ordne opp. Men dette er og ei form frå reklame som vil vise att seinare.


Ein ting  som er lett å merke, er at ungane trivst utruleg god her. I ferietida på somrane kjem mange  norske familiar. Og desse tek seg verkelig ut, i fjæra , i båten, på haugane, i leikehus, på trampolinen og i hønsehuset.


Her har det aldri vore slik at me skil strengt mellom privatliv og fellesskap. Den grensa set folk vanlegvis sjølv. Når ungane trivst, trivst dei vaksne og.

Doris legg i det heile svært mykje av «sjela si» i dette at turistane skal har det bra her og ynskjer at staden skal framstå som ein god ambassadør for Solund og samfunnet.


neste år. Dei siste åra har det vore gjort ein del med vedlikehald, bl. a. med bad og vindauge. Framover vil dei jobbe vidare med ulike idear.


Satsar meir på Steinsund

Hallstein blir 62 år i 2015 og nærmar seg såleis pensjonsalderen. Han ser føre seg å avvikle kaibygginga i løpet av  dei neste åra. I staden ynskjer han meir tid til Steinsund Marinesenter og andre prosjekt på heimstaden.

- I tankane lever iden om at dersom nokon i framtida skulle finne på å venda nasa heimover , skal denne staden framstå som den perla me så ofte får høyre at me har her,  seier Hallstein med eit smil.






Steinsund Marinesenter blir 20 år


Steinsund
Marinesenter As


Doris og Hallstein Steinsund

6924 Hardbakke


Tlf.: (+47) 57 78 72 52/mob.:97 57 51 17
Faks: (+47) 57 78 72 51


E-post: info@steinsund.no